Firingan Kalligrafi

Eg heiter Borghild Telnes og har drive Firingan Kalligrafi sidan 1998. Verkstaden min ligg på garden Firingan på Garvikstrondi ved Seljordsvatnet i Telemark, 13 km frå Seljord og 18 km frå Bø.

Eg arbeider fyrst og fremst med kalligrafi, men kombinerer også dette med ulike trykkteknikkar, t.d. radering, tregravyr, monotypi og linosnitt. Dei fleste større arbeida mine lagar eg på bestilling. Det kan vera prosatekstar, dikt, visdomsord o.s.b., oftast i kombinasjon med ulike former for ornamentikk. I arbeida mine kombinerer eg ofte ulike materialer som papir, tekstil og vellum (kalveskinn).
Av andre slags arbeid lagar eg diplomar, handtrykte kort (minigrafikk) og kalligraferte bøker i samarbeid med bokbindar. Eg tilbyr også kurs i kalligrafi for nybyrjarar og dei litt meir øva. 

STARTSIDE    NYTT    OM KALLIGRAFI    LENKER    GALLERI    KURS OG UTLEIGE    KONTAKT

Copyright ©  2010

Klikk her for CV!