VELKOMEN TIL FINGAL FORLAG!

Som forleggar og ansvarleg redaktør ynskjer eg med dette velkomen til Fingal forlag, den førebels einaste hundedrevne forlagsverksemda i landet, og kanskje i verda. Me held til i landlege omgjevnader i Seljord i Telemark, og er langsomt i ferd med å bygge opp ei utgjevingsportefølje me trur vil vekke interesse hjå eit breidt publikum. I 2014 ga me ut "Tårnet, gutten og lammet: En julelegende" av Peter Fjågesund, rikt illustrert med tregravyrar av Borghild Telnes. Me prøva oss i2015 med ei nyskapning - Dyrebiblioteket – og fyrste utgjeving i denne serien er "To hundenoveller" av Jack London, i nyomsetjing ved Peter Fjågesund. Denne boka er også illustrert med tregravyrar av Borghild Telnes. Novellene, «Bâtard» og «Å tenne et bål», må reknast som noko av det ypperste innan novellekunsten, og i begge spelar ein hund ei heilt sentral rolle. Boken er smakfullt innbunde med stive permar. Hausten 2016 kjem neste bok: "Jomfru Morgonsoli og andre eventyr" med illustrasjonar av Ånond Versto. Eventyra vart samla inn i Flatdal av Molkte Moe i 1879 og no ut i modernisert utgåve ved Peter Fjågesund. Det vert boklansering i Terje Grøstad sitt atelier i Flatdal 16. september 2016.

Bøkene kan du få kjøpt i nettbutikken til Firingan Kalligrafi eller ved å kontakte Borghild Telnes (48030097)

Med beste helsing Fingal

Firingan Kalligrafi - Jomfru Morgonsoli og andre eventyr
"Jomfru Morgonsoli og andre eventyr"
290 NOK
"To hundenoveller", Jack London
189 NOK
"Tårnet Gutten og lammet, en julelegende"
120 NOK
Facebook Instagram share