|
|
|
|
|
|
| Besøksadresse: |
| Firingan, Garvikstrondi 827 |
|
3840 Seljord
|
|
| Tlf. |
: 35052920 |
| Mob. |
: 48030097 |
|
|
|
borghild@firingan.com
|
|
|
|
|
|
|
|
| VELKOMEN TIL FIRINGAN KALLIGRAFI /WELCOME TO FIRINGAN CALLIGRAPHY
|
|
Eg heiter Borghild Telnes og har drive Firingan kalligrafi sidan 1998. Verkstaden min ligg på garden Firingan på Garvikstrondi ved Seljordsvatnet i Telemark, 13 km frå Seljord og 18 km frå Bø.
Eg arbeider fyrst og fremst med kalligrafi, men kombinerer også dette med ulike trykkteknikkar, t.d. etsing, tregravyr og lino. Dei fleste større arbeida mine lagar eg på bestilling. Det kan vera prosatekstar, dikt, visdomsord o.s.b., oftast i kombinasjon med ulike former for ornamentikk. Av andre typer arbeid lagar eg diplomar, handtrykte kort (minigrafikk) og kalligraferte bøker i samarbeid med bokbindar.
Eg tilbyr også kurs i kalligrafi for nybyrjarar og dei litt meir øva.
|
|
|
27.04.2010
Kalligrafikurs
Påbyggingskurs i kalligrafi 15.-18. juli på Raulandsakademiet [Les meir]
|
|
|
|
|
20.10.2009
Juleutstilling
Juleutstilling på galleri Nyhuus er open 20.-29. november, fredag til søndag
kl 12.00-18.00 [Les meir]
|
|
|
|
06.07.2009
Galleri Drivhuset
Nina Lillefjære, Else Ljungstrøm, Herborg Kverneland og Borghild Telnes
stiller ut i drivhuset frå 28. juni til 31. juli. Utstillinga er open kvar
dag i perioden frå kl 12-17 [Les meir]
|
|
|
|
|
15.03.2009
Besøk frå Aftenposten i februar
Ein snøtung vinterdag i februar var Aftenposten på besøk for å lage reportasje
til Leve-magasinet. [Les meir]
|
|
|
|
07.01.2009
Skytsenglar
Her kan du finne din eigen skytsengel. Eg lagar og på bestilling
[Les meir]
|
|
|
|
|
17.11.2008
Kalligrafiutstilling i Moskva
Kalligrafar frå heile verda deltek på utstillinga i Moskva som opnar 9. desember [Les meir]
|
|
|
|
| |
|
|