Kalligrafi kjem av gresk og tyder vakker skrift.


Menneska har brukt skrift for å meddele seg gjennom mange tusen år. Den første skrifta innan vestleg skrivekunst vart utvikla kring år 1200 f.Kr. i Fønikia. Desse bokstavformene vart vidareutvikla av grekarane og etruskarane og vi kjenner dei i best i den romerske utgåva.

Også i dag kallar vi versalskrifta vår for romerske bokstavar. Det romerske alfabetet ligg som eit viktig fundament for den vidare utviklinga innan skrivekunsten og fleire av skriftformene som utviklar seg opp gjennom hundreåra kan sjåast som variantar av desse.

Utviklinga går frå romerske versalar til ulike uncialskrifter (ca. 300-700 e.Kr) og vidare til karolingisk minuskel (ca. 800- 1000 e.Kr.) Med den karolingiske minuskelen (Karl den store si skrift) får vi eit rein minuskelskrift. Denne skrifta utviklar seg vidare til ulike gotiske skriftformer (ca. 1000-1400e.Kr.).

Med renessansen i Italia på 1400-talet får vi ei sterk interesse for antikken sin kultur. Skriftstilen i renessansen vert kalla humanistantikva eller renessanseantikva og er ein omarbeidd versjon av den karolingiske minuskelen. På denne tida kjem også cansellerescaskrifta som er ei kursivform av antikvaskrifta. Denne skrifta vert også kalla italic.

På byrjinga av 1900-talet oppstår det ei fornya interesse for kalligrafi. Vi har føregangsmenn som Edward Johnston i England, Rudolf Koch i Tyskland og Rudolf von Larisch i Østerrike.

I dei seinare åra har kalligrafi utvikla seg til ei sjølvstendig kunstform.



Facebook Instagram share