Eg heiter Borghild Telnes og har drive Firingan Kalligrafi sidan 1998. Verkstaden min ligg på garden Firingan på Garvikstrondi ved Seljordsvatnet i Telemark, 13 km frå Seljord og 18 km frå Bø. I dette landskapet finn eg inspirasjon og arbeidsro. Penn, pensel, kniv og nål er nokre av verktøya eg brukar. Den viktigaste reiskapen min er likevel handa som har mange års trening i handverk. For meg er det viktig at alle arbeida mine er handlaga. Eg skriv kvar bokstav, skjer kvar tykkplate og broderer kvar sting for hand. Alle arbeida mine er unika med sine små variasjonar og særpreg. 

Eg arbeider fyrst og fremst med kalligrafi, men kombinerer også dette med ulike trykkteknikkar, t.d. etsing, tregravyr lino og tekstiltrykk. Dei fleste større arbeida mine lagar eg på bestilling. Det kan vera prosatekstar, dikt, visdomsord o.s.b., oftast i kombinasjon med ulike former for ornamentikk. Av andre typer arbeid lagar eg diplomar, handtrykte kort (minigrafikk) og kalligraferte bøker i samarbeid med bokbindar.

Arbeida du ser bilete av på dei neste sidene, er eit utval av det eg har laga dei siste åra. Ikkje alle arbeida er til sals, men det er mogeleg å tinge noko liknande dersom det er av interesse.

På verkstaden min på Firingan har eg ein del arbeid til sal og her er det ope etter avtale.  

 

 

 

 

 

 

Facebook Instagram share